Den gode naboen og 3 kopper te!

Eg har skrevet om det før...om den gode naboen. Opp igjennom so har eg alltid kommet i god kontakt med naboane mine rundt omkring der eg har budd i det vidstrakte land og i utlandet. Ekstra bevisst på det vart eg når eg flytta til Jordan, der ein seie at du skal ta godt vare på 7 av naboane dine. For ein dag vil du trenga dei på ein eller anna måte. Dette er også ein av motivasjonsfaktoren til arrangementet; teatime. Alt ordner seg med ein kopp te. Det kjekkaste eg gjer er å drikka te med naboane mine i Jordan på føremiddagen. Då samles me kvinner og barn til samtale rundt ein kopp te.

I dag sku bilen min på service og eg hadde ingen til å kjøyra meg, sidan bilen til broderen er kaputt. Måtte evt gått ein lengre distanse og tatt 2 bussar for å kommet meg til leiligheten eg bur på. Rett etter 10 timars nattevakt. Men so har eg ein fantastisk nabo i frå 2004-2009 som kom å henta meg midt i rushen om morgonen og kjøyrte meg heim. Eg føler meg so utruleg velsigna og heldig som har slike gode naboar som han. Og det er ikkje første gangen han stiller opp for meg!!!! No har eg budd i Odda i ein periode. Der vart eg kjent med 2 naboar i frå Tyrkia og Somalia. Eg vart innvitert inn på middag og desserter. Eg lærte dei om den norske kulturen. Lærete f.eks den Somaliske jenta å klippe plen. Ho kunne ikkje snakka norsk, gebrokken engelsk, men me kommuniserte via teiknspråk og litt arabisk. Men samtalane våras og gleden eg hadde av dei...prizeless.

Denne nydelige jenta med modell kropp og vakkert ansikt, hadde litt av ein forteljing å fortelja. I frå at alle barna hennar var drept, samt brødre, søstre, far og mor, ho var voldtatt, tvangsgifta, banka, sett familie og venner bli drept, rømt ut av landet, det å vera flykning utan pass og identitet. Om ein ikkje bli grepet av mindre...Men kva skal eg seie...ord blir fattige...eg som kjem i frå ein flott og stabil heim. Som har fått alt foreldra mine har greidd å gje meg og litt til. Men denne jenta smilte med heile seg, ho smilte med augene. For som ho sa; Allah hadde gitt ho ein ny sjangse og at det var ein meining med dette. Kanskje ho skulle vera eit vitnesbyrd? Ho følte seg velsigna som hadde fått komma til Noreg.

Ein av favoritt bøkene mine, som er ei herlig bok er: Tre kopper te. Skal ikkje fortelje so mykje om handlinga, men alt ordner seg med 3 kopper te. Den gode samtalen, venskap, handelsavtaler, inngåelse av prosjekter, samarbeid på kryss av land, kultur og folk.

 http://www.gyldendal.no/Fakta-og-dokumentar/Samtid-og-debatt/Tre-kopper-te

http://www.threecupsoftea.com/

Eg skulle gjerne opplevd at me her i Noreg også innviterte kvarandre på te ein gong i blant. At folk berre stoppa deg langs vegkanten til ein god samtale rundt ein kopp med te. At me innviterte kvarandre meir inn til heimane våre. Me nordmenn held oss mykje inne i husa våre og det er jo naturleg med tanke på klimaet. Men har dåke merka kor meir åpen og gjestfri me blir om me møtes på fjellet eller på ei turistforenings hytta!?!

Eg vil takka min kjære nabo Olaf for at han stilte opp for meg igjen! Setter umåtelig pris på det!

 

Water issue...

Her leve me i eit land der det regner heile tida og elvene fosser over. Me går heim og tar oss ein varm dusj, bader i badekaret, bruker vatn til oppvaskemaskinen og vaskemaskinen. Me tar vatn som ein selvfølge. 

Eg gjorde også det, til eg flytta til Jordan og busette meg i det 4 dårligaste landet med vatn i verden. Der prisen på vatn er kjempe høg i forhold til inntekten. Eg har lært meg rutiner for å spara på vatnet som eg bruker når eg er i Jordan. Eg endrer dei fort når eg reiser til Noreg. Ein går fort inn i eit mønster der ein ikkje tenkjer over forbruket. Dette er noko å tenkja på...men sakte men sikkert går det lengre og lengre tid før eg faller inn i mitt gamle mønster. Eg elsker fortsatt å komma heim til Noreg og kunne stå under ein varm dusj med godt vanntrykk. Gleden min over ein god varm dusj er ubeskriveleg. Men no er det ein dusj med litt bismak. 

Eg er glad verdenssamfunnet har nådd tusenårsmålet når det gjelder tilgangen på reint vatn. Men ein har langt igjen å gå.

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/2_1-milliarder-mennesker-har-fatt-tilgang-til-rent-drikkevann-siden-1990-7324096.html#.UkijNYxhL4h

Jordan har eit kjempe issue for framtida og har no store utfordringar i forhold til antallet Syriske flykningar som trenger reint vatn. I Jordan bruker ein no kildevatn, som ikkje er fornybar. Går kilda tom, vil det ta hundrevis og tusenvis av år før kilda er full igjen. I Jordan har dei dårlige erfaringar med bruk av vannkilder, men fortsetter å bruker det, fordi dei har ikkje noko anna val. Dei har ikkje økonomi til evt vinna ut vatn i frå Rødehavet. Vann problemet blir diskutert til stadighet. Me hadde på olivengården vår ei rekning på 500 JOD(4250kr) for to månader i sumar for vatn. Eg er spent på neste rekning for august og september.

Eg føler meg priviligert som har vokst opp og lever i eit land som Noreg, der ein har meir enn nok av vatn.

 

 

Honning, bikuber, dronninger og sjalusi

Du veit at når ein skal forholda seg til andre kultura må ein ha eit åpent syn. Vera klar for det meste og uforventa ting. Ta mykje på sparken og tenkta etterpå.

Siste nytt på åpent sinn fronten er at no har Mansor jakta på dronning bier og arbeidara. Eg har snakka om at dette er noko me kunne ha og fått fersk honning. Som eit alternativ til sukker i te, til sårbehandling, kaker, pålegg osv. Dette er over 1 år sidan sikkert. Og han hadde da aldri høyrt om det og forsto ikkje kva eg meinte.

Vel, kven reiste til Amman og gjekk til angrep på ein biefamilie inne i eit fjell? Kven vart angrepen og bitt over 30 stadar og endte til slutt opp på sjukehus? Kven fant dronning bia og satte ho i ein kube? Kven trur du som stakk av og instalerte seg i eit tre? Kven klatra i tre og fanga dronninga igjen??? Kven trur du åt meir enn 2 store glas med fersk honning? Jo, Mansor og svogeren...No er dronning bia med alle sine arbeidara plassert i kuben og ein håpar dei vil laga ein heim der. Mansor seier til meg at det er fleire dronninger som han kan fanga!?! Da var jo eg som gav han i ideen i grunn. Men du hugsa jo ikkje at eg har nemnt det for deg før...men eg hugsa det plutselig no!!! Jo, men du forsto ikkje sa du!! Nei, eg forsto fullstendig kva du meinte, men forsto ikkje kordan me kunne ha det tilknytta landet vårt!!!

Ein anna ting som er meir vanskelig er at folk ikkje ynskjer at meg og Mansor skal vera lykkelig og fortsett vera gift. Dei ynskjer å skilja oss med utsagt om utroskap, løgner, alkohol+++ Eg har lært meg ein ting i denne kulturen. Tru berre på det du har sett med eigne auge og ikkje snakk om det du har sett!

Eg trur at om folk viste kva eg har opplevd i dette landet, ville dei rømt for lengst eller sagt eg var galen som blei. Men ein ting er sikkert...livet mitt er meir drama enn Hotell Cæsar eller Dynastiet. So då kan dykk tenkja dykk til resten.

Men eg lever med kvar ei celle eg har i kroppen. Eg føler meg levandes. Latteren liggjer aldri langt unna og ikkje gråten heller. Livet er som ein rollercoster, som spinner av gårde. Eg lærer noko kvar dag og utfordrer tenkningen min eller tankar eg har om ting. Eg har greidd og gjort ting eg tenkte eg aldri skulle oppleva.

Mange seier til meg at; å du er so tøff, fattar ikkje at du tørr, spanande liv du lever...meg eg ynskjer meg aller mest stabilitet, familie, hus og heim. Eg ynskjer helst det dei andre har. Eg har eit mål om å få det til også. Mitt høgaste ynskja er å få barn. Heima i Austevoll får folk generelt barn veldig tidleg. Dei sitter tidleg med hus, heim og familie. Eg skil meg ut i så måte. Kjenner av og til at eg ikkje orkar å forholda meg til folk med barn eller veninner som er gravid. Eg er ufatteleg glad på deira vegne, men dei har det eg ikkje har eller får til. Dei bekrefter min misslykkenhet og blir ein stadig påminnelse om det. Eg har ei veldig god veninne og kompis, som har prøvd no i lengre tid å få barn. Eg føler meg veldig vel når eg er saman med dei og me forstår kvarandre. Soulmates liksom. Kvar gong eg er i Jordan får eg spørsmål om eg ikkje er gravid. Er magen din normalt so stor som det?? Kva skal eg svara??? Har ikkje eit par i Jordan fått barn etter 1 år, so må dei få hjelp seier alle. Dei dannar rykter som at eg ikkje likar barn og stakkars Mansor som har ei slik kone. Eller at det er noko gale med meg. Nei, da skal ikkje vera enkelt.

Men eg har no eit håp og ein draum om at ein dag so skal eg også lykkast. Den som ikkje prøver, han oppnår ikkje noko heller.



Raudvin...

Livets vann...kallar nokon det.

Eg minnast eg trampa rundt i ein stamp med druer til eg vart blåsvart opp på leggen. Vinlaging på gamlemåten. Fargen vedvarte på leggen i fleire dagar...so sterkt fargestoff. Er ikkje utan grunn at både tenner og tunge er raud/blå etter eit par glass vin.

Eg minnast også eg var på barketur. Fekk med meg ei spesiell form for øks, der ein hugga av kork inn til beinet på treet. Såg veldig rart ut i grunn. Det tek vist 40 år før ein kan vinna ut kork i frå treet, som er ei eik. Trea kan vist bli over 200 år gamle, og når ein fjerner korken, veks den sakte men sikkert ut igjen og ein kan fjerne den på nytt! All kork i frå midten av treet og ned til bakken vart tatt av og brukt til kork på vinflasker ol. Kork er vist veldig dyrt å produsera og no går ein meir og meir over til skrukork. Men eg meiner no fortsatt at vin smaker best med kork. Elsker å lukte på korken rett etter at flaska er blitt opna.

Det er kjekt i grunn å besøke diverse vingårder. Alle land lager vinen sin på sin eigen måte og har sine tradisjonar. Til no synest eg vel Sør-Afrika og Lanzarote har vore mest spesielt. Sjølv om dei endelauste vingårdene i Toscana og Umbria er eit vakkert skue. Kunne tenkt meg å reist til Skotland og besøkt eit whisky destelleri.

Eg arbeida i vel 2-3 år som ekstravakt på vinmonopolet i Stavanger. Ein meir fantastisk arbeidsplass skal ein leita lenge etter. Fantastiske kollegaer, kjekk jobb, flotte kunder, lokale, opplæring, kurs og arbeidsglede. Det gleder meg stor når eg leser at Austevoll Kommune vil gje Vinmonopolet i Austevoll den første miljøfyrtårn utvelgelsen. Dei som arbeider der gjer ein kjempe jobb! Trur alle er fornøyd med polet. Tenk at litle Austevoll har pol!!!!

 

 

Det står i det siste Vinbladet at no kjem plastflasker snart til å overta for glassflasker. Lurer på kordan vinen vil smaka då...Kjenner no forskjell på brussmaken eg i frå aluminium, glass til plastflasker! Det som viser seg er at ferskheta er dårligare på plastflasker og bag in box. Det tilsettet svovel når vinen tappes på flasker slik at vinen skal beholda ferskheten og ikkje oksidera. Bag in box vinen oksiderer fortere enn på glass. Men det er stadig utvikling og mykje so skjer. Kva liker du best? Vin på glassflasker eller bag in box? Er det situasjons betinga?

Morfar min kjeme i frå ein gamal fruktgard i Hardanger. Mammo har ei gamla oppskrift på sider, so e heise god!!! Lokalprodusert øl har vore veldig populært dei siste åra, vinmagasinet trur at dette vil skje for sideren også.

Min favoritt er no fortsatt vinar i frå Rioja distriktet i Spania.


I feel empty...

I feel empty...and there's nothing I can do

Am I ill? I lie awake at night, helpless

Like a child trying to weep, tears that just won't form

As shadows torment my soul

I am cut, within the fibres of my making as I wonder,

Fears ebbs upon me as a silent thunder stirs my inner being.

Who am I that I remain a stranger amongst friends?

I give generously, sowing to the wind.

When all is spent I reap nothing - no comfort.

There is no harvest for those which have gazed upon death.

Dissolving into despair

As I long for someone to stretch out and kiss me,

Hold me with the love beyond the realms of status quo.

I want to breathe out and never breathe in.

 

By Robert Wilhelm Joseph m.d., Hushed Whispers - A premeditated murder of thoughts 

Gigantleir...

Det er veldig trist å lesa siste nyhets oppslaget på VG nett, men desverre har artikkelen heilt rett i det dei seier.

 

http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10116348

Det er bekymrandes mykje uro i den nordlige deler av Jordan pga den aukande flykninge straumen i frå Syria. Verdenssamfunnet har bidratt veldig lite i økonomisk støtte til Jordan, Libanon og Tyrkia. Hovudproblemet no mot sumaren er vann mangelen og kor dei skal få vatn i frå. Ved at Syriske flykninger får vatn, vil andre fastbuande Jordanere få rasjonert vatn. Detter høyres for oss nordmenn logisk ut, sidan sjølvsagt trenger flykningane vatn. Men dei lokale ser ikkje på det slik me gjer. Turismen som er ein av hovudbidrags ytarane til den Jordanske økonomien, har sidan den arabiske våren gått drastisk ned. Hotell og restauranter har stått tomme og har måtte leggast ned for ein periode. Charter turismen har holdt seg oppe, men dei individuelle reisande som reiste rundt i Jordan og på gjennomreise i Midtausten har forsvunnet. Desse bidrog meir økonomisk til befolkningen fordi dei nytta tjenester hos dei, visa guideing, transportoppdrag, overnatting, mat+++ Charter turister reiser på dagstur til Petra og springer igjennom dei lettast tilgjengelege attraksjononane. Dei har kanskje 2-3 timer til rådighet i ein oldtidsby som guidebøkene anbefaler du bruker minst 3 dager på. Beduinane som arbeider med turister i Petra, har ikkja anna jobb enn turistar. Før tjente dei mykje meir på guida turar med turistar inne i Petra og i området rundt, heimalaga beduinsk mat servert om kvelden, tur med muldyr og esel. Men charterturistane har ikkje tid til dette, ergo so sitter beduinane igjen og prøver å selga nokon kamelbein smykker. Tjener dei 50-80 kr så er det maks. Dette er ikkje nok til å brødfø familiane dei har. No har eg snakka her om Petra, fordi det kjenner eg godt. Men dette gjelder for heile Jordan.

http://www.unhcr.org/517008e49.html

 

Eg har sjølv reist i området rundt Azraq der dei no bygger ein by som skal ta i mot 100 000 Syriske flykninger. Dette er eit aude område. Heilt flatt, ingen trær og nesten ikkje planter, ikkje mogleg for vedfyring ol, langt i fra folk, intens varmt om sumaren...dette område er so endelaust. For ein del år sidan laga ein i samme område ein leir for Irakiske flykningar in the middle of nowhere...no ser ein berre såra av dette att i ørkenen. Flykningeleiren dei bygger no blir på ein av dei mest ugjestmilde steder i verden.

 

http://www.vg.no/bildespesial/spesial.php?id=10212

Hovudproblemet som ikkje er eit akutt problem no, men som vil bli det på sikt er at vatn som blir brukt er fossilt vatn, altså ikkje fornybar vatn. Dei bruker undergrunnsvatn som har liggjet her på tusenvis av år, filtrer gjennom sanden. Type Larvik eller Olden kilden som me har her i Noreg. So ein skaper eit alvorleg framtidsproblem. Jordan som land var i utganspunktet vel 3 millionar innbyggjarar, men dei har over 4 millionar flykningar; Palestinere, Irakere og no Syriere. Dette har sprengt vann forbruket.

Det er med argusauge eg ser på situasjonen som utviklar seg. Og det er med ein bønn og håp eg ynskjer at konflikten i Syria går over og at det blir fred i regionen.

Spring time...og so akupunktur.

Våren lar vente på seg her i Noreg. I Odda regner det no og det snør i fjella. Eg har sommerdekk på, so eg må passa meg etter forhold og at politiet ikkje ser meg!

I Jordan har denne våren vore kaldare enn nokon kunne minnast i manns minne. Det regna mykje i vinter og dette har skap eit bløming utan sidestykke. Det poppar opp med planter, blomster, gras og urter over alt. Det er noko eige når ein ørken blir teppebelagt av lilla blomster. Eller heile fjell og sletter blir fulle av raude valmuer eller tett pakka med gras. Det tørre og golde, som ein trur er meir eller mindre død...levnar til igjen.













Såg dette fleire gongar når eg budde på Lanzarote. Denne øya av lava, med ingen naturleg vasskjelde, blomstra det opp om våren fjell av blomster. Det er utruleg kva som gjøymer seg under lavaen, sanden, jorda...det er reint eit under.

Har lært ein del om urter i Jordan denne gangen. Du veit i eldre tider var beduinane for seg sjølv og det var 2-3 dagers reise med esel til næraste doktor. Slik var det også fleire plassar her i Noreg. Minnast besto som fortalte om kor jordmora/kloke koner/doktoren hadde reist rundt på gardane i Geirangerfjorden til dei som trengte hjelp. Mormor fortalte meg også mykje om urter ein brukte før i tida. Som at ein brukte løvetann mot gallestein. Bergmynte og bukkehornkløver mot bihulbetennelse. Sitronmelisse og humle mot søvnløshet og uro. Røsslyng mot urinvegsinfeksjon og søvnløshet. Det er mange og dei fleste hugsar eg ikkje lengre. Det er ein kunnskap som held på og dø ut. Tenk på all den gratis kunnskapen og hjelpa som liggjer der, men som me ikkje nyttar oss av.

Det seiest at under hekseprosessen i Europa var det utruleg mykje slik og anna kunnskap som dødde ut. Kloke koner vart ei utfordring for presteskapet, ei horn i sida deira. Mykje kunnskap forsvant og vart brent. Presteskapet brente også mange bøker skrevet i frå andre kulturar/religionar. Og enorme mengder med forskning og behandlingar forsvart. Ei svart tid kom over Europa.

Vore eit program på tv no om alternativ medisin, som eg ikkje synest har vore vidare god. Den fører til at folk er meir skeptisk og i mot alternativ medisin. Journalistisk so var den so dårlig at ein nesten kan undrast om den er blitt betalt av legemiddelfirmaer!?! Eg tenkjer som so at noko folk har gjort på tusenvis av år, har sin funksjon. For kvifor helda på meg noko som ikkje virker?

Eg sjølv har brukt akupunktur med veldig bra resultat på bihulbetennelse, senebetennelse, menstruasjon smerter og mengde, stress og søvnvansker. Men ein må vera litt kritisk når ein vel ut kven ein går til. Eit kurs er ikkje bra nok. Dei som kan og er flink med akupunktur har studert dette i over 3-4 år. Ho eg går til er jordmor, studert akupunktur 3 år og 1 år i Kina. Ho kan sine ting. Ho har tid og undersøker ein grundig. Ho behandler heile mennesket. Eg er veldig tilhenger av akupunktur. Men om ein ser på dette programmet som gjekk på tv, så er ikkje akupunktur og anbefale. Kvifor har ein då startet opp med dette på nesten alle fødestover? Kvifor har det då startet opp eit eige kompetanse senter i Tromsø med 2 ansatte leger, som berre forsker på området. Dette vart ikkje nemnd i programmet.

At det finne alternativ medisin, som berre er humbug er nok sant. Men før du prøver noko, sjekk kva utdannelse og kurs dei har før du bestemmer deg. Snakk med andre, få anbefalinger.



Eg sjølv drikker ein spesielt te som har helsebringandes eigenskapar. Lærte å laga den av Mansor og har lært meir om kva eg kan putte i den etter kva eg vil oppnå. Har no plukket på urter og hengt dei opp til tørk i huset. Blir spanande og sjå på resultatet. Fettforbrennandes, energiaukandes, vanndrivandes, mageregulerandes, tar vekk mageknip eller magesmerter, auker hjartefrekvensen+++ Det er so utruleg masse spanandes som liggjer der ute og venter på oss... Det er so utruleg mykje eg ikkje kan noko om...Mansor seier at ein lærer kvar dag og at dette er det som gjev meining med livet...Livet er ein konstant læringsprosess...Er mykje sant i det ja! 

 

Home sweet home...med ein undertone...

Me sitter her heima i Noreg og har det so ufatteleg bra. Men ser me det? Me klager likevel. Klager over alt mogleg. Samanlikner oss med andre og ynskjer at alt skal vera so perfekt som mogleg. Denne gangen når eg var i Jordan, skjedde det mykje som får meg til og tenkja ein del. Ting kom veldig nært.

Det er generelt meir indre uro i Jordan for tida, og desverre trur eg det snart kjem til og skje noko der også. Til liks med resten av Midtausten. Tidlegare har mykje av dette skjedd i nordre deler av Jordan og i hovudstaden Amman. Samtalen og praten til folket er annleis.  

Israel har i tillegg blandet seg inn i krigen i Syria, 2 bombeangrep siste døgn. Spent på den utviklingen. Det ramlar inn med Syriske flykningar til Jordan og Zataari campen er no den 2 største campen i verden med over 175 000 flykningar. Alle flykningane skapar stor uro blant lokalbefolkningen. Det har vore raid på lageret til leirane og mykje har vorte stole og solgt på svartebørsen. Telt som skulle gå til flykningar blir solgt til spottpris rundt omkring i landet for 100 JOD. Eit telt av ein slik kvalitet og størrelse ville normalt gått for vel 14-1500 JOD.



For vel 1 veke sidan var det 4 studentar som vart drept på Al Hussein Bin Talal University i Maan, i tillegg til over 50 skadde. I ettertid vart det store klinsjer mellom stammer. Når Mansor skulle kjøyra meg til flyplassen var hovudvegen stengt pga brann bomber som hadde øydelagd vegen. Folket i Maan området er kjent for å vera dei mest farlege i heile Jordan. Dei har mange våpner gjøymt vekk. Gamle men fullt brukbare kasnikover. Trur eg det heiter. Russisk automatvåpen som vart danna under 2 verdenskrig og i etterkrigstida. Desse våpna er kjempe populære i Afghanistan og nordre deler av Pakistan. Dei fungerer vist lika bra sjølv om dei ligg i vatn, snø eller blir gjøymt vekk over lengre tid i huler og under sand. I fjella rundt Petra er mange slike og andre liknande våpen gjøymde vekk.

For vel 2 veker sidan kom ein beduin i frå landsbyen til Mansor til rette etter og ha vore savna sidan 1969!?! Han vart funnen vandrandes i ein ørken som heiter Wadi Araba og kunne kun seie Beit Makour, som er ein plass i denne ørkenen. Han har vist sittet i fengsel i Israel og vart sluppen av på den Jordanske sida av grenseovergangen i Wadi Araba. I starten trudde ein at han var beduin i frå Wadi Rum som er lengre vekke, men ved hjelp av DNA og div rekonstruksjon, so høyrer han vist heime i landsbyen til Mansor.

Ei eg kjenner vart skambanka med tv ledning av ektemannen sin. Ho vil ikkje gå til lege eller på sjukehuset fordi då vil det bli sak mot ektemannen. Han vil då skillast og ta i frå ho dattera. So ho ofra seg for dattera og godtar og bli slått. Eg følte meg rett og slett heilt makteslaus og forferdelig innvendig. For ho har rett. Ho spør meg om kven i den familien kan ta vare på ei lita baby jente og kven vil læra ho opp og gje ho moglegheiter i framtida? Silje, det er eg som må sørga for det og kun eg. Eg er intelligent og sterk, dette er ingenting. Kva skal eg seia eller gjera når ho seier slikt? Moglegheiter for jenter og kvinner er bekrensa. Ikkje i forhold til lov, men i forhold til familien og kulturen.

Me har kjøpt oss eit land område i Ammarin Village, her er det ei anna beduin stamme enn i Umm Sayhoun der Mansor kjem i frå. For vel 4-5 dagar sidan vart det stor klinsj mellom dei 2 stammene med knivstikking. Mansor var ikkje med på dette, sidan han kjøyrte meg til flyplassen. Noko eg er veldig glad for. Men i ettertid har dei rasert og rota i gjennom alt i huset/skuret på landet vårt. Mansor kunne ikkje sjå at noko var savna. Folk leita etter våpen, som dei veit at me har liggandes. Alle madrasser og ting var spreidd rundt utanfor huset. Mansor sover no i sin eigen landsby. Men me har kamelar, hestar og dyr på landet vårt, og eg er redd for dei, samt for at noko skal skje med Mansor. Folk løyser sjeldan problemer med samtale, men ved slåssing og dreping. Når alt kjem til alt, betyr ikkje religion eller kven du er som person noko, men kva stamme du høyrer heime i. Stammekulturen har eksistert i denne delen av verden sidan dei byrja og busetta seg for vel 7-8000 år sidan. Det er komplisert å ikkje alltid lika logisk og forstå denne kulturen.

Naboar og mennesker eg har hjulpet vil no sjå på meg som fiende, fordi eg er gift med ein beduin i frå feil stamme! Får ein til og tenkja på alt det som skjedde i tidlegare Jugoslavia. Der vener og gifte, plutselig vart fiender pga religion og opphav. Lurer på kordan dette blir no når eg reiser ned at!?!

Men eg får trøsta meg med at eg har fått gjort masse på landet. Planetet ned ein del og rydda mykje. Har i tillegg lært meg masse om diverse urter som popper opp rundt omkring. Skal fortelja meir om det ved ei anna anledning. Eg har fått drept masse mus og er stor fornøyd med det. Eg fant musebol i bagen min og i lomma på kjeladressen til Mansor. Drept vel 7 mus og 5+3 babyar. Det vil no til ettermele stå på mi grav; musefangaren Silje Rusten...hehe...Eg fanger dei i livet og Mansor drep dei for meg.



Eg sitter no heima og er forkjøla. Skulle ha vore på jobb, men sitter heima i staden. Feber, samt hoster og harker. Måtte få det eg også. På denne tida i Jordan kjem det noko som heiter Shargia, varm sterk vind som bringer sumaren. Vanlegvis varer den i 3 dagar, men i år varte den meir enn 7 dagar og held vist fortsatt på. Heile himmelen er gul/brun og det kjem melis støv/sand over alt. Bringer ofte med seg sjukdom og insekter. Dyr får ofte augeinfeksjonar og luftvegsinfeksjonar. Hønene våre vart sjuke og kamelen fekk augebetennelse. Dei fleste mennesker rundt meg vart sjuke med influensa symptomer. Trudde eg hadde kommet meg unna, men den gang ei. Eg er sjeldan sjuk, so når det først slår ut...ja so blir eg heilt slått ut!! 

Eg kjenner at eg er sliten av og veksla mellom livet her og der. Sliten av å forklare og eller forsvara det eine eller andre levesettet, kulturen, folket, religionen når eg er her i Noreg og når eg er nede i Jordan. For utanforståandes er det vanskelig og forstå valet eg har tatt...og dette gjelder også vener og familie. I Jordan blir eg ei nøtt dei ikkje greier og plassere. For kordan greier denne vestlege personen og busetta seg her og leva slik som oss. Eg har definitivt ikkje valt den enklaste vegen... Men eg besøkte ei heks i Jordan som sa at eg ville oppnå store ting og at eg hadde ein indre styre og aura som gjorde at eg var ein stayer og overlever. Hehe... hadde det berre vore sant, so skulle eg vore glad!

Ich liebe es!

No sitter eg nede i Frankfurt og venter paa flyet i Amman. Eg diggar denne flyplassen - not!!! Men har noko kjekt i vente, so da gaar vel seg te.

Hadde ein interessant samtale med ei Krotisk dame paa flyet, som snakka om helsevesnet i Kroatia no, kontra naar det laag under Joguslavia. Ho fortel at standaren har gaatt betraklig ned. Daarligare reinhold, lave lonningar, lite hjelp og faa naar ferdig operert. Alt er privat og kun dei med penger kan faa hjelp. Snakka med nokon eg kjenner i Irak, som sa det samme. Helsevesnet var mykje betre under Saddam Hussein. Lurer paa kordan det er i Korea? Interessant er det i allefall og ein maa jo undra seg over, kvifor standaren gaar ned!?!

Eg har kjopt meg solkrem i dag og igjen maa eg undra meg over kvifor den alltid maa vera so ekstrem dyr. Forskara gaar ut i avisene og seier at Noreg er paa verdenstoppen i hudkreft og foflekkreft. Ja, kvifor er ikkje solkremen billigare daa? Det er so utruleg mykje eg ikkje veit og kan forklara. Aarsaks forklaringar, som gjer det mogleg og forsto slike merkelige ting.

Kjopt meg fleire nye boker so det skal bli spanande og lesa...kjem ikkje til og blogge so ofte no i Jordan. Er ikkje slik at data er enkelt aa faa tak i. Naar ein lever ute og ikkje har strom...ja daa blir da andre ting ein fyller tida med. Men eg lover eg skal stikka innom internett kafe og gje ein lyd paa kordan livet er!!!

Ha ein fine dag.

I'm lovin' it!

 

#Savn#Pakking#Reising#

Eg er snart på veg til min kjære mann og til Jordan. Berre eit skift igjen og so stikker eg av gåre Kåre...

Kvar gong eg reiser til Jordan i det siste året har eg tatt med meg klede og sko til fattige i Jordan. No kan ein ha med seg 23 kg når ein reiser med rutefly og so mykje har eg ikkje med meg. So min trufaste reisekamerat er blitt min 120 L store North Face bag. Den fyller eg til randen med klede og sko som eg får i frå familie og vener. Denne gongen har eg fått kjempe flotte sko og klede i frå ein arbeidskollega i Odda. Nye ubrukte ecco sko, merrell sandaler og Lee bukser...kjem til å bli ein kjempe hit! Men poenget er ikkje kva eg har med meg...men den fantastisk gleda og kor mykje dei set pris på det eg har med. Dei går med skoa til det ikkje er meir såle igjen!!!

Eg saknar verkeleg Jordan. Lukta om kvelden og morgonen. Gleda i ansiktet til mine kjære dyr når dei ser meg. Veta at nokon er glad i meg uansett kva feil eg måtte ha. Det er noko av det som er så fantastisk med dyr...dei elsker ein utan om og men...Eg saknar smilet og humoren til Mansor. At han får meg til og le sjølv om eg er steik forbanna!!! Eg sakanar det å vera nær...nær den eg elsker so høgt. Blikket og forståelsen me har mellom kvarandre. Ord er overflødige. Det som er so flott med kjærleiken er å veta at nokon er glad i deg, elsker deg, tenkjer på deg og bryr seg om kordan ein har det, det vera seg foreldre, barn, kjærast ol.

Å reisa opp og ned slik eg held på kan i grunn vera litt slitsomt i lengden. Men når det er noko kjekt i vente er det ingen problem, verre når eg skal heim og har veker med arbeid forann meg. På ein måte so er livet mitt litt som ein foss, som fryser ned og tines sakte opp når det nærmar seg avreise, for deretter og slå om seg med vatn når eg er i Jordan.

I dag er eg halvvegs til 70 år. Årene går og eg snakkar merkar eg allereie no om hendelser i fortida...som om det var mange, mange år sidan. Eg hugsar ein gong og den gongen då...

I dag snør det ute og våren lyt venta på seg. Fortsatt tele i bakken, so snøen legger seg raskt som eit kvit teppe. Men eg smeltar no litt eg...og kjenner låten i fossen bli sterkare og sterkare...



 

 

Mofongo

Har nyleg lest denna nydelege boka; Mofongo av Cecilia Samartin. Har lest 2 andre bøker av ho før Senor Peregrino og Drømmehjerte. Denne legger seg i lista i lag med dei 2 andre som minneverdige bøker.  

Mofongo handler om ein hjartesjuk gut og bestemora hans. "Det er magi det vi skaper, ikke sant, abuela?" "Nå ja, det er avgjort en måte å se det på," svarte hun tankefullt. "Eller kanskje det er magien som skaper oss." Den handler om kordan denne guten og bestemora gjennom matlaging finn fram til gamal lengsel, kjærleik og samlar ein familie. "Et måltid tilberedt med kjærlighet nærer ikke bare kroppem, men også sjela!, sier abuela. 

http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=mofongo&p=1&r=2&cid=222861

Det er fantastisk når du kan lesa ei bok og føla at du er med i hendelsane. Eg grein og lo om kvarandre når eg leste Mofongo. Eg har alltid vore glad i å lesa, heilt sidan eg var liten og leste bøker i frå Bokklubbens Barn og Ungdom, Ponni bøker, Nancy Drew bøker, Hardy bøker, Frida - med hjerte i hånden(kom heilt plutselig på denne ungdomsboka), Asbjørnsen og Moes eventyrbøker, H.C. Andersen, Brødrene Grimm+++ Eg hugsar at leselysten gjekk litt ned på slutten av ungdomsskulen og på vidaregåande skule. Var so masse må lesing då. Pensum lesning...at litt av gleden over å lesa forsvant. Men den tok seg gradvis opp att.

Eg hugsar meg og kusina mi satt heile sumaren og leste Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo...eg har lenge håpt at denne skal bli filmatisert. Vil bli 10 ganger betre enn Ringenes Herre filmane!!! Eg har lest Sagaen om Isfolket 3 ganger og kvar gong er det lika kjekt å lesa den!

Ei god bok kan vera til trøst, få tida til å gå, vera til hjelp med å få ut følelser, til glede, søvndyssande, oppmuntrande, ideskapandes og alt mogleg faktisk.

Ta og les ei god bok...

Hjem

I går såg eg på nrk nett tv sist episode av serien "Hjem". Er kun 1 episode igjen i år. Liker denne kvardags-serien. Det er eit utsagt som seier: " Where your heart is, your find your home". Men eg føler no hjarta mitt er delt i 2. Ja, eg elsker Mansor og Jordan, men eg elskar også foreldra mine og Noreg. Vener finner ein seg både i Noreg og ellers i verden. Og eg er veldig glad i venene mine, sjølv om det ikkje er like enkelt å helda kontakt. Mange av mine bestevener bur rundt omkring i heile verda. Og når dei først kjeme heim til Noreg, så reiser dei sjølvsagt heim til familien sin.  

Eg har ei eg arbeider med no som nyleg hadde 50 års jubileum sidan dei gjekk ut i frå skulen, dei var 17 jenter i klassen og fleire av desse var besteveninnene hennar. Dei er fortsatt vener og har holdt saman i tjukt og tynt. Eg har ikkje nokon barndomsveninner igjen som eg har kontakt med i dag. Men eg har fått meg veldig gode vener seinare i livet. Men eg ser at fleire av dei som eg såg på som barndomsveninner fortsatt held saman heima i Austevoll. Kjekt for dei. Har ofte tenkt på kva som gjer at ting blir slik som det blir.

Eg elsker å komma heim til mammo og pappen. Eg elsker å vera heima på mitt rom. Det er so ufatteleg mange minner som er knytta til ein heim - barndomsheimen for min del. Mor mi flytta mykje rundt i oppveksten, fordi morfar arbeida i gartnarhallen. Fauske, Harstad, Mandal og seinare student i Bergen. Ho fekk aldri ein heim, der mange år med minner er knytta omkring.

Odd Nordstoga synger ein sang, om det å lengta heim til mor. Han har mykje bra tekster han i grunn.

Eg for min del blir veldig var på at eg er Nordmann, når eg er i Jordan. Eg likar å holda på kulturelle ting og tradisjonar. Eg får meir nasjonal kjensle. Eg er ikkje Europear, Skandinav eller Svenske - Eg er ein Nordmann. Du veit at i Midt-Austen har dei idear om vesten og Europa. Og me blir alle satt i samme gruppe. Til liks med kordan me ser på alle muslimar og setter dei i samme gruppe. Det kan vel vera også litt kvifor dei muslimar som bur i Noreg, blir endo meir opptatt av å ta vare på sine tradisjonar. Tradisjonar har mykje med kordan ein oppdattar sin eigen identitet, har eg funnet ut dei siste åra. Men eg kjenner også fleire muslimske familiar i Noreg som lever som andre nordmenn. So ein finner nok litt av begge delar her også.  

Meg og Mansor var intervjua av den største tv selskapet i Midt-Austen MBC. Utgangspunktet slik det var framstilt for oss var ekteskap på tvers av kulturar. Men når alt kom til alt, hadde dei ein hypotese: Europeiske kvinner har sex med nye menn kvar helg og at det var heilt normalt med utenom ekteskapleg samkvem med andre menn. Eg vart forbanna under intervjuet og spurte rett ut kvinna eg vart intervjua av, som var i frå Amman, Jordan om ho trudde eg "kulla rundt". Og ja det trudde ho. Meg og Mansor har søkt om familiegjenforening, slik at han kan komma på besøk her i Noreg. På den Norske ambassade i Amman vart han intervjua av ein Libanesisk mann som spurte ut om me hadde hatt sex før ekteskap og om me hadde hatt sex i familie huset!?! Kva spørsmål er det å stilla? Er dette noko UDI har interesse av og veta? Sjølvsagt var det ikkje nordmenn til stede under intervjuet. Men dette er typiske spørsmål i frå arabiske menn. Eg ringte til UDI og spurte om dette er vanlege spørsmål i ein familiegjenforening; Dei kunne ikkje uttala seg spesifisert for kvar enkelt ambassade, men at dette var for den eg snakka med eit spesielt spørsmål!?! Og at alle som var ansatt på Norske ambassader, skulle ha samme verdigrunnlag som oss nordmenn. Vel, ut i frå spørsmåla so tyder det ikkje at verdigrunnlaget er det samme!!! Time will show... 

Ein heim fortel mykje om kven du er. Eg ynskjer å visa Mansor min heim, øya eg kjem i frå og Noreg. Eg vil at han skal møta familie og vener. No når eg er her i Odda, so er eg Austevolling. Når eg er i Jordan, so er eg Nordmann.

Eg er ein rastlaus sjel og lurer på kor eg til slutt vil enda opp med å danna min heim. Derfor passer livet meg som beduin. Ei natt so bur eg her og neste so bur eg der. Liker ein seg godt ja so blir ein i ein periode på samme plass. Eg har budd over lengre tid under havoverflata, i ein ørken og på høge fjell over 1200 moh. Kun tida vil vise kor min framtidige heim vil vera... 

 

Er du i Jordan, ja så er min forflyttande heim alltid åpent for alle. Alle som går forbi blir invitert på chai og ein matbit...dette elsker eg med den beduiske kulturen. Om me sitter i vegkanten og lager ei kanne te...ja so berre stopp og kom bort om. So tar me oss ein god prat og nyter chai Bedoul. Velkomen er du...

Bilde potpourri i frå Jordan





























Mindre enn ei veka til eg ser mitt vakre Jordan igjen...

Ein kan no seie kva ein vil...men her i Odda bur eg nede i ein dal og ser opp på høge fjell. I Petra, Jordan bur eg på 1300 moh og ser ut over fjell landskap og dalar. Eg må seie at eg foretrekker å sjå utover enn oppover.

Når eg var lite hadde eg alltid ein draum om å bu på bondegård, ha hest og dyr. Var på besøk hos onkelen min som hadde gard. Eg hugsar kor fantastisk eg syntest det var når eg fekk oppleva min første fødsel av den søtaste kalv nokon sinne. I går snakka eg med Mansor og då var han på veg til Petra på jobb. Han mata dyra og hadde tlf på speakers...hundane høyrte stemmo mi og ulte so masse at eg berre måtte le. Mansor sa at dei savnar meg mykje. Dei blir deprimert kvar gong eg reiser. No sitter eg med ein form for liten gård i Jordan. So draumen kom i oppfyllelse.





Det er rart å vera betre kjent i eit anna land enn der du vaks opp og kjem i frå. Eg kjøyrer rundt i heile Jordan og veit kor kvar eit vannhol er og kor eg finn ved. Eg veit om mange småvegar, snarvegar og ørkenvegar. Eg veit kor eg kan campa ute og kva som er militært område og eg må helda meg unna. Eg kjenner og veit kor det er flott å ta bileter ved soloppgang og solnedgang. Eg kjenner Jordan og Petra meir enn kommunen eg kjem i frå. Det er veldig rart. Det er også rart kor naturleg alt feller meg. Som om det er meining i alt. Eg hugsar første gong eg kom til Petra i 2009 at eg følte at eg hadde vore der før. Det måtte i såfall vera i eit anna liv!

Eg har alltid hatt utfartstrang og blir fort rastlaus. Light ADHD har du, sa ein lege til meg på legevakten i Stavanger. Hehe...

Eg likar å laga geitost med svigermor eller at ho lærer meg og laga brød på gamle måten. Eg likar når me slakter ei geit at alt blir nytta. Nyre, hjarta, lever, tarmer, magesekk, skinnet og kjøttet sjølvsagt. Eg likar å laga alt mat i frå bunnen utan noko konserveringsmiddel eller andre tilsentingar. Til og med krydderet er nesten litt fett i. Fordi ein får det kverna ferskt. Krydderet har ein heilt anna sødme og fylde enn det ein finn i butikk hyllene her i Noreg. Det me finner her i Noreg har mista mykje av smaken sin. Det feller seg so natuleg å laga mat på ein slik måte, men so fort eg kjeme heim att...fell eg tilbake til gamle trakter. Er i grunnen rart. Men har nok noko med at det er ein form for fellesskap når ein lager maten. Mansor lager kanskje bålet, mens eg kutter opp grønsaker. Nokon som er på besøk kutter kanskje kjøtt. Ein er saman om det. Ikkje slik at ein person står på kjøkkenet aleina og lager maten, slik det ofte er i Noreg.

Denne gangen skal eg ta med meg middagspølsa so pappa har laga av hjort, rein og elgkjøtt. So skal bli spanande å sjå om dei likar det. Har alltid med meg noko norskt...Mansor elska pinnakjøttet meir enn noko anna...men lurte i starten på kva mat dette var som måtte kokast i så mange timar!!!! Han og mange med han elsker mammo og pappen sine fiskekaker. Det er blitt fast bestillingsvare. Dei bruker besto sin oppskrift. Klippfisk, laks, norsk sjokolade, potetkaker, lefser og viltkjøtt er noko av det eg har tatt med meg opp igjennom åra.

Mange spør meg om slangar og farlige dyr. Og ja, dei finnes i Jordan. Slangane er som oftast dødelige og skorpionane er potensiell dødeleg. Slangane er nok meir redd for oss menneske enn me er for dei. Men også dette fell naturleg. Eg løftar ikkje store steinar utan å sjekke om det er noko under. Eg rister alltid tepper eller sovepose før eg legg meg i det. Sjekker madrasser og skoa mine. Eg putter ikkje hendene mine inne i små huler ol. Eg ser etter teikn i sanden som eg har lært er teikn på at slangane gjøymer seg der. Når eg er ute og langt i frå folk, sover eg med ladd våpen i forhold til angrep på hyener og ulv. Har vore med på eit par angrep. Og eg er alle hundane mine evig takknemlig. Mansor sa til meg ein gong at eg måtte sitta heilt i ro. Kvifor det, seier eg. Du har ein veldig farlig skorpion mellom beina. Trur du eg satt stille??? Eg gjekk til amok angrep og hylte so ein stukken gris. Men skorpionen høyrte meg nok ikkje, for den hadde eg drept på flekken! Dette var også den farligaste skorpionen i Jordan. Eg var jo veldig dum ein gang eg guida mine tidlegare arbeidskollegaer ut i ein ørken, fordi eg sa at dei måtte følga i mine fotspor når me sanka inn ved. Eg fortalte at det kunne vera slanger under sanden og at det ville dei ikkje sjå no når det var blitt so mørkt. Den eine av arbeidskollegaren min sov ikkje heile natta og var livredd for slangane. So eg seier ikkje det meir og bær dei heller ikkje hjelpa meg med ved om det er veldig mørkt! Men alt i alt, so er det veldig lite ein ser til farlige dyr i Jordan. Bur ein på hotell og reiser som vanlege turister, so ser ein ingenting!



Eg hadde besøk av ein klasse i frå Stavanger Katedralskule, Kongsgård no når eg var i Jordan sist. Dei studerte arabisk og hadde no rundttur i Jordan. Turopplegget deira var veldig turistifisert. Dei fekk aldri innblikk i livet i Jordan, men overfalten som ofte turistselskapa vil vise verden. Eg liker veldig godt å både fortelja og visa det genuine Jordan når eg guider nokon. Eg ynskjer at dei skal møta lokalbefolkningen og læra noko om landet dei besøker. Eg fekk i allefall veldig gode tilbakemeldingar i frå Stavanger Katedralskule, for å gjeve dei eit veldig godt innblikk i litt av livet og kulturen i Jordan. Og det er jo kjekt å høyra!

Denne gangen har eg ikkje mange planlagte arbeidsoppdrag. So kanskje eg kan få meg litt ferie? Blir ofte til at mange prosjekter blir sett i gang når eg kjemer. Me har no gjort det me kan for landet i denne omgangen og håper at det vil gje frukter. Må berre ha tilgang i nok vatn i sumar.

Leste nyleg rapport i frå FN angåande alle Syriske flykninger i Jordan som no snart har passert 500 000 mennesker. Dei bruker so mykje av vannreservoaret som Jordan har bygd seg opp til bruk i kriser, at det er no kritisk for sumaren. Det vil no i sumar mest sannsynleg ikkje vera nok vatn til landbruket i nordre del av Jordan. Noko som vil føra til masse død av oliven trær og andre frukttrær, samt jordbruk. Innan året er omme vil det vera over 1 millioner flykninger. FN sa også at om det ikkje kjeme bidrag i frå resten av verden, vil land som Tyrkia og Jordan ikkje kunne tilby minstekrav til flykningar. Det har allereie no begynt herjinger og stjelingar av forråd som er beregna for flykningar. Lokale folk i nordre områder i Jordan, har fått rasjonar med vatn og ikkje full tilgang. Det er både lokale og flykningar som angriper forrådet. Mykje av utstyret blir så solgt på svarte børsen. Forholda blir verre og verre for kvar dag som går. Ser at det er mange hjelpearbeidarear som er med flyet ned til Jordan no når eg reiser. Eg verkeleg setter utruleg pris på arbeidet deira og skulle gjerne vore i deira sko. Har alltid hatt ein draum om å hjelpa andre!

Står litt om det i denne artikkelen: 

 http://jordantimes.com/hundreds-of-syrians-flee-to-jordan-as-un-warns-of-funding-crisis

Eg seier som Odd Nordstoga: Farfar sitt fang er god å ha og ein farfar i livet skulle alle ha. Ein som ein kan venda seg til og spørja når ein lurer på. Han viser veg og gjeve råd.

http://youtu.be/EQQOJqaX9tQ 

Dødsgraut

Eg har jo hatt grauta prat her før, men no kjem det meir. Dåke veit at på gamle busetningar i trange dalar eller i høge fjell bygder...so har dei ofte ivaretatt gamle matoppskrifter som har høyrt til familien eller til bygda. I går kveld snakka eg lenge med ein pasient om dødsgraut og eg fekk oppskrift på den. So når eg kom heim i dag tidleg...ja so laga eg dødsgrauten!

Slik ser den ut ferdig nedkjølt:

 

Tradisjonen var at når nokon hadde dødd, kom naboar eller familiar med dødsgraut. Den skulle vera so god at det skapte trøst i sorga. Den var laga av beste kvalitet; ny mjølka kumjølk, fersk laga sæterssmør, nylaga fløyte. Den sku vera so sødmefyll at den smelta på tunga. I seinare tid har den blitt brukt lika mykje i brudlaup, konfirmasjon, dåp og andre store anledningar. Etterkvart som tilgangen til div krydder har auka, har nokon hatt i kanelstang, vaniljestang, stjerneanis og dei har også hatt i eggedosis for å få ein meir krema konsitens.

So no har eg tenkt å ta med meg grauten på jobb og gje til pasientane som er vaken. Må jo få den endelege godkjenninga! Eg fekk klar beskjed om at dei fleste rørte for lite hard og lenge...so eg rørte til eg vart heilt låm i armen! I tillegg kokte den veldig lenge - opp mot 1 time.  So eg svetta nesten der eg holdt på.

Etter min meining smakte den veldig godt!

To gode naboar...

Eg har fått meg 2 gode naboar. Den eine ber meg på te og ein prat i ny og ne. Mens den andre får meg til å le og lyser opp dagen min.

Den første er ein Tyrkisk kurder som arbeider som fysikk lærer på vidaregåandeskule. Han har i stova si 7 pc'ar som alle er kobla til forskjellige store tv'er i 40 tommers str og oppover. Han ser og laster ned alle store fysikkforelesninger på universiteter i verden; Oxford, Harvard+++ Han seier at dei indiske universiteta har kommet lengs og har dei beste forelesningane...er vel kanskje derfor ein også ser utruleg mange ingeniørar i frå India. Denne mannen er ein gluping av dimensjonar...han snakker ofte langt over mitt nivå! Men so lærer eg no mykje av han også. Me finn ut ting saman...ting som me lurer på...kan vera ein forfatter, sted ol. Dessutan har han deilig tyrkisk te, laga på tyrkisk vis. Han er i frå ein liten plass i Cappadokia. Dette er eit spesielt fjellområde i midtre og austlege Tyrkia, der folk opp igjennom tidene har bygd seg hus inne i fjellet og steinformasjonane har erridert til søyleliknande utsjåandes. Det var ein oldtidsrike til liks med Petra i Jordan. Har veldig lyst å reise her til, når eg høyrer alt han fortel. Mansor har også våre her, ein gong han kjøyrte med bil gjennom Jordan, Syria, Libanon og Tyrkia. Han skryter veldig over området! Det er vist utruleg vakkert!

 

Den andre naboen min er eit lite ekorn som bur i eit tre i hagen. Den antar eg held på med parringslek eller noko tilsvarandes. Den spring i alle fall opp og ned og sankar inn gamle plommesteinar. Eg likar utrykket og kroppsspråket til ekornet. Han byrjar i tillegg å bli meir raud i pelsen no og ikkje slik gråaktig som han var. Veit forresten ikkje om det er ein han. Hadde jo vore veldig gildt om det var ei ho som kanskje var gravid? So hadde eg fått endo fleire gode naboar?

Ekorn

 

I Jordan har ein eit utsagt; ta godt vare på 7 av naboane dine og dei vil ta godt vare på deg. Kor ofta inviterer ein naboen på ein kopp kaffe? Eller ein middag? Koster det oss mykje? I byane i dag, veit dei fleste nesten ikkje kven naboen deira er! Folk klager til politiet når det lukter råtten....naboen har ligget daud i leiligheten i fleire dagar...me ser jo slikt på nyhetene kvart år no. Kor mange naboar hadde kommet og stelt deg om du skada deg? Mansor vart kasta av muldyret og skada seg stygt! 2 nabokoner og 1 nabomann kom og stelte han, laga mat for han, samt rydda og vaska for han. Det er godt naboskap!

No snør da ute å da e tid for meg til og legga meg i loppekassen. Ha ein strålandes dag alle saman.

No ser eg atter slike fjell og dalar...og so var det vaskemaskinen.

I dag kjøyrte eg utover til Utne og for eit skue. Knall blå himmel, sol, snøkledde toppar, blikk stille fjord...Fjelltoppane krangla om gjenskinnet på fjorden. Fruktbøndene var ute og klipte epletrea sine. Eg skimtar Hotell Ullensvang på andre sida av fjorden. Eg kjøyrte forbi Grimo og Langesæter der morfaren min kjem i frå. På Utne stoppa eg ved hotellet og tok meg ein kopp te. Det er ein erverdig plass, som har ivaretatt mykje av det gamle. Alle frukttrea som står på rekke og rad minna meg i grunn litt om slik det ser ut på vingårder rundt omkring i sørlige lender.

I grunnen so er eg ei fjordtøs...morfar i frå Indre Hardanger, mormor i frå Austevoll, besto i frå Geirangerfjorden og besten i frå Nordfjord.

Etter ein tur ut i fjorden bar det til fjells og ein skitur. Av alle ting so møtte eg flokker med kvite ryper. Eg satt meg ned i ein snøfonn og tenkte med meg sjølv...jammen bur eg i eit ufatteleg flott land! Eg har no vore litt rundt omkring i verden og det er alltid kjekt å sjå andre kulturar og land. Men av og til gløymer me å sjå det som liggjer rett forann naso vår...vårt eige land! I dag har eg vore velsigna med hell og lykke i mine opplevingar.

I Lonely Planet over Noreg, står det "Norway is, by any standards, one of the most beautiful countries on earth, the last wilderness in Europe". Og ein skulle tru at Lonely Planet veit kva dei snakker om, ein av dei ledande reiseguide forlag i verden. Dei fleste ser på guidebøkene i frå Lonely Planet som ein "bibel".

Det er noko som skjer i kroppen når ein skuer opp på toppar på over 1000 moh. Som står som stolte statuar i kontrast til knall blå himmel. Sol som reflekterer og skaper gjenskinn i snøen som kvelver rundt kvar ein topp. Det er ein form for stolthet og glede over å vera til, og komma i frå ein slik plass. Ja, den som ikkje blir lyrisk av dette skuet...har ikkje åpna opp augo sine for det som er rett forann han. Eg trur i ein stressa tilværelse har ein so lett for å gløyma dei små ting. Og gleda over augonblikkene forsvinn. Må det vera materiell lykke, som får ein til og smila? Ein ny tv? Ein ny bil?

Etter at eg flytta til Jordan har eg lært å setta so utruleg meir pris på dei små augonblikk. Gleda over dei små ting. Gleder over ein dusj med varmt vatn. Eit varmt måltid. Ein god kopp te. Ein vakker solnedgong. Ein fødsel av hund, katt, hest, geit, kamel eller egg som klekkes. At livet går vidare. No når eg pendlar mellom Jordan og Noreg, blir denne gleda endo meir forsterka. For eg må forholda meg til overfloden og det å ikkje ha alle dei materielle tingene rundt meg, som på sett og vis gjer livet eins lettare. Eg kjøpte nyleg vaskemaskin til svigermor. Det er den største gaven ho har fått. Ho gjekk i frå å vaska kleda i kaldtvatn i stampar og gnikking og knuing, til å berre hiva alt inn i ei maskin og so er det fix ferdig. Og i tillegg mykje reinare enn kva ho fekk det til. Svigerfar var i starten litt i mot det, må helda på tradisjonane veit dåke! Men synest no det er heilt greitt...svigermor fatter ikkje kvifor ho ikkje har skaffa seg ei vaskemaskin før...

Gleder du deg over vaskemasinen din eller tar du den som ein selvfølge? Kleda dine liggjer fint lagt i saman og rein i kleskapet ditt, takkar du den som gjer det eller tar du det som ein selvfølge?

 

Lektyre på toalettet!

Et vennlig

ord

er solen

som kan gi

grå dager

en regnbue

 

Når du elsker

dig selv

vil andre

helt sikkert

også elske dig!

 

Eg må berre seie at dei "nye" lambi toalettrullane med diverse dikt, er veldig kosleg lesning på toalettet! Har endo ikkje kjøpt tørkepapir på kjøkkenet og lest dikta/orda der. Sjølv om dei verkar noko lengre og handlar ikkje om kjærleik.

Eg minnast me på folkehøgskulen hadde dobøker. Der ein skreiv ned kva enn som måtte ut...politikk, kjærleikserklæring, meining, sorg, savn, ynskjer...Lurer på om nokon har tatt vare på dei i ettertid? Var ikkje alle fløyane som hadde slike bøker! Det er det mest utrulege ein tenkjer når ein sitter på do!!! Berre tenk igjennom det sjølv!!!

Eg har no vore på besøk hos andre der både donald, aviser, magasiner++ har vore lektyre på toalettet. Nokon har til og med slike fancy'e magasinhyller på veggen eller ståandes på gulvet.

Sku da vore noko hos meg måtte det vera reisemagasiner eller illustrert vitenskap magsiner ol. Foreløbig har eg nok med lambi rullane mine!

Lurer på kva morgondagen bringer av spanande dikt på mine kjære doruller?

Graut eller grøt?

Eg berre elsker graut asso. I natt smakte eg bygggraut...kvifor har eg ikkje ete det før. Lika sunt om ikkje meir sunt enn havregraut? Billigt e da og! Her i påsken fekk eg smaka vetlagraut...da smelta rett og slett på tunga.

Har i frå eg var liten likt semulegrynsgraut og risengrynsgraut. Havregraut også...Fløyelsgraut...Når eg gjekk på folkehøgskulen smakte eg for første gong dynegraut - berre at me hadde den i ein dunsovepose...hehe...Minnene omkring grauten er mange og kjære. I frå frokostgraut, middagsgraut eller kveldsgraut. Heima, på tur i fjellet, besøk hos andre, heima hos mormor, kvar laurdag i oppveksten, helligdagar som på 17 mai og for ikkje å snakka om kven som finner mandelen i riskremen i jola.

Eg minnast første gong eg sku laga rommagraut(rømmegrøt) i frå bunn av...alt måtte kastast...berre klumpar...Er blitt betre no då!

Nokon er so fine når dei eter graut...men grauten for meg må blandast godt med kanel, sukker, smør og rosiner....uannsett type...da ser jo ikkje direkte lekkert ut..lys grå/brun/kvit masse med eller utan klumpar...men du og du kor da smaker...

Her ser du kva wikipedia skriver om graut; ikkje særlig detaljert:

http://no.wikipedia.org/wiki/Gr%C3%B8t

Gleden for min del er no i alle fall...om eg eldast med stil...so kan eg sitta på ein sjukeheim tannlaus og nyta ei skål med graut...

Ein tankevekkar?

Fant dette på nettet og må berre seie at det får ein til å tenkja!
 
Les dette selv om du har litt dårlig tid... Du vil ikke angre.

En dag ba en lærer sine elever skrive navnene på sine medstudenter ned på et ark - de skulle sette av litt plass mellom hvert navn.

Hun ba dem tenke på det beste de kunne si om hver eneste person, og skrive dette ned under den enkeltes navn.
...
Det tok klassen resten av timen å fullføre oppgaven, og da de alle forlot rommet, leverte alle inn sin oppgave.

Neste lørdag lagde læreren en liste til hver eneste elev, hvor det sto hva de andre elever hadde sagt om personen.
Om mandagen ga læreren hver enkelt av elevene hennes eller hans liste. Om kort tid smilte alle elevene. "Virkelig" hørte hun bli hvisket.

"Jeg visste ikke, at jeg betød så mye for noen", og "Jeg visste ikke, at de andre liker meg så mye", var de fleste kommentarer. Ingen nevnte senere disse listene. Hun visste ikke, om de visste eller diskuterte listene med sine
foreldre, men det betød ikke noe. Oppgaven hadde hatt den effekt, hun ønsket. Elevene var tilfredse med seg selv og hverandre. Gruppen arbeidet videre.

Mange år senere, ble en av elevene drept i Vietnam, og læreren deltok i begravelsen. Hun hadde aldri før sett en militærperson død i en kiste. Han så fin og voksen ut også. Kirken var fylt med vennene hans, og en etter en gikk de alle en siste gang forbi kisten. Læreren var den siste, som velsignet den døde i kisten.

Når hun står der, kommer en av soldatene, som var med å bære kisten, bort til henne.
"Var du Marks matematikklærer?"
Hun nikket "ja."
Så sa han: "Mark snakket mye om deg"

Etter begravelsen deltok de fleste av Marks tidligere klassekamerater i en sammenkomst.

Marks mor og far var også der, helt tydelig ville de gjerne snakke med hans tidligere lærer.
"Vi vil gjerne vise deg noe" sa hans far, mens han tok lommeboken sin opp av lommen. "De fant dette på Mark, da han ble drept. Vi tenkte at du ville gjenkjenne dette".

Mens han forsiktig brettet ut to papirstykker, papir som tydelig var blitt tapet sammen, pga. slitasje av de mange gangene, det hadde vært brettet sammen. Læreren visste uten å se papiret, at det var det samme papiret, som
hun hadde skrevet alle de fine ting, kameratene hadde sagt om Mark.

"Tusen takk fordi du gjorde dette" sa Marks mor.
"Som du kan se, satte Mark det meget høyt."

Alle Marks kamerater samles omkring henne, Charlie smilte skjevt og sa, "jeg har også fortsatt min liste, den ligger øverst på skrivebordet mitt hjemme." Chucks hustru tilføyde, "Chuck ba spesielt om, at dette ble limt inn i våres bryllupsalbum."

"Jeg har også mitt, det er i min dagbok" sa Marilyn.

Så tok Vicky, en annen klassekamerat, fram sin lommebok og viste sin slitte liste frem for gruppen, og sa stolt.

"Jeg har det alltid med meg, jeg tror vi alle har gjemt på våres liste."

Da satte læreren seg endelig ned og gråt. Hun gråt for Mark og for alle hans venner, som aldri ville se ham
igjen.

De fleste mennesker i dag oppfører seg, som om de har glemt at livet en dag stopper. Ingen av oss vet, når denne dag kommer. Så vær snill, fortell de mennesker du setter pris på og synes om, at de er spesielle og viktige. Fortell dem det, før det er for sent.

En av måtene å at gjøre det på, er å videresende dette brevet . Hvis ikke du gjør det, så har du igjen misbrukt en vidunderlig sjanse til å gjøre noe fint for andre.

Hvis du har mottatt dette, så er det fordi en annen bryr seg om deg, samt at det minst er en, som verdsetter deg.

Hvis du har det "for travelt" til å bruke de få minutter, det tar sende denne e-post videre, er dette den første gang, du ikke gjør bare denne lille tingen for dine venner? Jo flere du sender dette brevet til, jo bedre er du til at rekke hånden frem til dem, du holder av.

Husk, du høster, hva du sår. Husk at du betyr noe for noen!

Mannekeng show...

Eg veit ikkje kordan det er med dåke, men eg har mine gamle fjellski, bambusstavane til mamma, setesdalsgensaren og gamasjer på meg. No har eg vore på fjellet frå laurdag tom måndag, og ein ting går igjen...folk er total utstyrs freaker...Det er det siste av det siste. Folk som ikkje kan stå på ski, kjem i tynne fisher ski, kondomdress ol...OG ALT STÅR I STIL! Farge, utstyr+++ I dag toppa det seg berre...hadde eg hatt kameraet med meg, so sku eg tatt bilete...I dag kom det eit par med fjellpulker. Han total blå og fjellpulken var også blå og dama total sølvfarga og fjellpulken også sølvfarga!!!! Mannen hadde spade på sida av sekken som også var blå!!!!

Eg savner nikkers, selbuvottar, gamle ski og anna utstyr. Kor er turgleden blitt av? Observasjonane mine denne påsken har vore at folk hiver barna i pulken og so hiver dei seg av gårde som dei har djevelen i hælane sine...barne skriker i pulken. Ski er ikkje med til dei, men kanskje eit rumpeakebrett. Er dette for at foreldra skal få tilfredstilla sin eigen egoisme til trening i fjellet??? Eg spurte no nokon om dei ikkje lot ungane stå på ski, svaret eg fekk var ganske so avslørandes: "Det blir so mykje skriking og mas, får ikkje gå so lang tur då". Ei anna dama sa: "Ungane mine liker ikkje å stå på ski!" Dei såg ut som dei var 4-6 års alderen.

Ein kan lura på om fjellheimen er blitt som treningssenter alla SATS eller Elixia i Stavanger, der ein går for å sjå og bli sett!?! Men eg har no kost meg tross alt med å sjå på alle mannekengane som passerer der eg sitter...den var fin og nei den var ikkje fin...

Men det er no noko eige når eg ser nokon kjem med ein gamal vadmelssekk, nikkers, setesdalssokkar, raud og gamal strikka lue...bringer fram gode minner...nostalgiske øyeblikk...

Bikini tilstander i påskefjellet!

Eg kjem nett ned i frå fjellet og for eit vær, føre, varme og stemning!

Da starta so fint og eg var fult påkledd...hanskane gjekk, jakken gjekk, pannebåndet gjekk, den ytterste ulltrøyo gjekk og til slutt bretta eg opp skibuksa til shorts... Rundt meg ser eg den eine etter den andre stopper og tar av seg kleda...Når eg kom eg lengre opp i høg fjellet såg eg folk satt i sportbh og mannfolka i bar overkropp. Er eg på fjellet i påsken eller er eg på stranda? Ikkje eit vindpust og ingen kald trekk som gjer at du vil halda kleda på. Dette er det absolutt perfekte livet...kan ting blir betre...sku so gjerne delt denne opplevinga med Mansor. I staden sitter han i Jordan i 30 varmegrader og guider turister rundt. Ikkje å forakta det heller...

Men slike forhold er det langt i mellom og dei er som skapt til å nytast! Nytast med sjel og kropp...Hugsar du påska 2013!?! Kjem me til å seia seinare...

No sitter eg her; varm i kjakane og stiv i maske etter all sola. Føler ein deilig avslappande tretthetsfølelse i alle musklar i kroppen.

Det er fantastisk å vera til...









Planar for påskehelga...

"Tap for all del ikke

lysten til å gå.

Jeg går meg til det daglige

velbefinnende hver dag

og går fra en hver sykdom;

Jeg går meg til mine

beste tanker;

og jeg kjenner ikke en

tanke så tung

at man ikke kan gå fra den.

Når man slik fortsetter å gå,

så går det nok."

av den danske filosofen

 Søren Kierkegaard

1813-1855







Feil parkering langs E-134 & den gode samtalen

Les denne artikkelen og sjå kva eg meiner om det:

http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyhende/article6573066.ece

 

Eg har no 2 gongar vore til Seljestad på ski. Begge gangane var parkeringsplassen som var brøyta full i tillegg sku dei ha 40 kr for å stå der. So kva anna val har eg enn å stå parkert i vegkanten??? Ynskjer Odda Kommune at turistar og folk skal komma til hyttene sine og til fjells? Så må dei enten tilrettelegga for der eller slutta å klaga!!!! So lenge eg kan minnast på mine overfarter over Haukeli, Hardangervidda, Aurland-Hol har det stått bilar i vegkanten på kjente turist/frilufts områder. Det er jo nesten ein del av den norske sjela og fjell eventyret. Me veit alle at på fine dagar, so står det nok bilar i vegkanten på slike steder. So kva er problemet til politiet i Odda??? Får ta ned fartsgrensene då i vinterhalvåret?

Snakk om å laga ris til eigen bak. Odda Kommune er i gråsona ved at fleire unge flytter i frå bygda i stadan for å komma her til. Dei hadde vel i 2012 ei folkeauke på 6 personar, som var ei gledeleg nyheit.   

 

Har so mykje på hjarta i dag!!! Snakka med 2 gode veninner i dag, som ikkje har hatt det like enkelt. Dei er ikkje suksessrike personar som sitter i sitt store palass, med hytte på fjellet og leilighet i Thailand eller Nice. Som går med merke klede og eter ute på restaurant i tide og utide. Dei kjempar for å få endane til å møtast, snur kvar ei krona og jobber seg nesten i hjel. Men dei har noko som er so ufattelig meir fantastisk - TID. Tid til ein prat, flink å lytta og komma med innspel. Ringe deg og spør kordan du har det. Dei har ein omtanke og menneskelighet som er unik. Eg ville ikkje bytta desse venskapa mot gull og grøne skoger, aldri i verden. Det er ikkje noko anna eg vil, enn å høyra at dei er lykkelige og har det bra. At dei opplever framgang og når sine mål.

Ein ting har livet i Jordan lært meg. Det betyr ingenting kva teen eller maten blir servert i. Det er selskapet og den gode samtalen som betyr noko. Det er den som i ettertid sitter igjen og gleder ein. Eg har sjølv vore i den "fella" der eg hadde kjørler og ting i frå: Wedgewood, menu, Rosendal, Kostaboda, Hadeland, Ridel, Dansk kongelig porselen, Georg Jensen+++ No står alt i store hammarplast kasser på eit rom heima, gjøymd bort og samlar kun støv.

Den gode samtalen...blikk som møtes, smil, grim, latter, Norsk, Engelsk, Beduinsk, Arabisk, sand, dans, mat, drikke...det er det som betyr noko. Det er det som held ein oppe. Beduinar er kjent for sin gjestfrihet. Uansett kor ein er so blir ein invitert inn til te, mat, varme i frå bålet og til ein god samtale. Dei er genuint interessert i meg som person. Kva eg kan læra dei og omvendt. Dei åpner heimen sin for meg og det litle dei har...det er dette som gjer livet verd å leva! Desse minnene og konstante opplevelsane gjev meg trua på oss mennesker.

Tid og den gode samtalen...

Kom og syng en sang, leke gjør vi dagen lang, arbeid er en lek....

Fraglene dei kunne det dei. No vender eg snart nasa mot jobb og 2 nattevakter. Når andre er ferdig å jobba og kommet seg til rette på hytter eller nett ferdig og fortert ein betre middag...ja då ventar jobben for meg. Men som Fraglene seier so får eg ta eit par traltar i natt, so går vel arbeidet som ein leik...

Leste nyleg i avisa at dei har greidd og oversetta nokon oldgamle tekster 300 e.Kr som vart funnet i eit kloster i Egypt. Der det kjem fram at skjærtorsdag, slik me kjenner den ikkje stemmer. Det er ein tysdag og onsdagen er langfredagen. Var spanande lesning. Det er utruleg kva ein har funnet ut via gamle tekster på pergament og steiner. Det er vel fleire overraskelsar som ventar oss i framtida. Det finnes nok andre tekster rundt omkring gjøymd i jungelen, leire eller under sand...tiden vil vise.

Vore på ski i heile dag. Eg greidde no å passere damekneiken som liggjer 715 moh. So eg endte vel på 850 moh der eg fant ein fin plass å setta meg på. Her hadde eg utruleg flott utsikt mot Folgefonna og mot Røldalsfjella og vidda. Ja, nesten 360 grader var det der...nydleg. So no kjenner eg meg raudt og varm i kjakane...deiligt!

Kosa dåke...

Ut på tur aldri sur!

Var på eit lite møte i dag kl. 12 og so heiv eg meg rundt til fjells. Korlevoll ved Seljestad var berre perfekt i dag. Kjente eg vart varm i ansiktet av sola. Tok med meg ei avis og ei god bok, og slengte meg ned i ei snøfonn. Ahhh...påskeferie...for ein liten ettermiddag i allefall.

For fleire år sidan satt eg på natt toget til Oslo i frå Stavanger og der satt eg meg på sida av ei Jondalstøs. Som tilfeldigvis kjem i frå same garden som morfaren min på Grimo i Hardanger, familien hennar gjere det. Me fekk umiddelbar kontakt og har fortsatt kontakten på facebook. I dag kom ho på besøk til meg her i Odda. Me har hatt det utruleg kjekt og vore på tur med hunden hennar Bono. Det er utruleg kor liten verden er...

Kom i snakk med 2 par i Petra, Jordan. Dei var begge naboar til foreldra til besteveninna mi på Lista. Igjen...verden er liten.

Ein gong eg var i Thailand på Koh Samui møtte eg på ein bar ei norsk jenta som heiter det sama som eg. Når eg snakka med tanto mi om det etterpå, fant me ut at mine ungar vil vera hennar firmellingar, ergo so er eg tremelling til far hennar. I mean...kor ofte møter ein noko som heiter det same fornavn og etternavn? Og so i Thailand då? Again...it's a small world!

Dei eg leige hos no er tante og onkel til ei eg arbeida med på legevakten i Stavanger. Amazing or what?

Eg trur me alle har fleire slike historiar å fortelja? Men det fortel oss kor liten verden er. Av og til er det faktisk slik at når du først flytter på deg...so møter du ein bekjent av ein bekjent, ei ven av den eller familiemedlem av den. Det er når ein viser eit åpent sinn å våger og snakke med andre, at slike situasjoner oppstår, trur eg.

It's a small world.  


Sjølvmedlidenhet...

Eg lider av dette i dag. Mammo og pappen er på fjellet på hytto til tante, der eg har vore mange påsker og vinterferier. Dei kosar seg med god mat og gode samtalar. Skitur på dagen i strålandes sol, trivial pursuit eller skrabble på kvelden, påskekrimmen...ei veninna av meg reiste til Riga i dag med ei veninna av seg. Dei sku på spa, massaje, ansiktsbehandling, tannbleikning+++ Ei anna veninna av meg reiser no til Tenerife og skal kosa seg der.

Ja og eg sitter då her i Odda. Aleina, ingen vener anna enn pc'en min...min trufaste companjeros...Skal jobba det meste av påsken.

Eg kjenner at eg er lei av å arbeida når alle andre har fri. Eg har gjort dette meir eller mindre frivillig sidan eg var 18 år. Eg ynskjer å vera saman med familien min og dei eg er glad i. Kosa meg saman med dei. Reisa på påskeferie...eg har ikkje gjort dette sidan eg var 16-17 år...men det er de eg tenkjer på. Komma meg til fjells på ei hytta eller liggja som eit slakt og slikka sol på ei strand i varme lender.

Eg har virkelighetsflukt inn i bøker eg leser eller filmar som eg ser...men det er jo tross alt det, at det er ein virkelighetsflukt. Trur me alle kjenner på denne sjølvmedlidenheten av og til. Spesielt når ting har gått i mot ein over lengre tid. Når ting går vår veg...liksom flyter alt av gårde og tida går utruleg fort. Ei kusina av meg flyter litt på ei slik medgangs bølge no og det er veldig gledelig å høyra.

 Image for I all evighet from Norli

Image for En svunnen tid from Norli

Image for Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant from Norli

Desse bøkene har eg nyleg lest. Vart ferdig med I all evighet i dag. Kan anbefale alle 3, men i påske held eg ein knapp på Hundreåringen - lo godt av den boka asso! Kjenner meg so igjen...Alle bøkene er i pocket og sett dei er på tilbod rundt omkring på butikkar, bensinstasjonar og bokhandlarar.

 

Her e da berre å finna fram eit glas vin og synka ned i godstolen med ei bok...

 

Jordans gull = oliven

Om nokon hadde sagt til meg for eit par år sidan at eg skulle enda opp med ein olivengård, so hadde eg ledd høgt. Det har vore mykje å setta seg inn i og masse som eg fortsatt ikkje veit. Det er 80 oliventre på landet i tillegg til mange andre forskjellige tre som sitron, appelsin, mandel, granateple, avokado, fiken osv. Landet er ikkje stort berre vel 3 mål, men me er interessert i å kjøpa meir.

Oliventre veks rundt heile Middelhavet og i Midt-austen. Oliven har blitt dyrka so langt tilbake som til oldtida. Du finn oliven i frå grøn, fiolett til svart farge, der svart oliven er sunnast. Svart oliven kan etas naturelg, mens den grøne og fiolette må behandlast. Det er vel ingen plante det er skrevet meir om i løpet av historien enn olivenplanten. I bibelen er oliven eit symbol på helse, fred og seier. Trea kan bli veldig gamle. Olivenolja har opp igjennom tidene vore brukt som skjønnhetspleie, matlaging og medisin.

Ta 2 ss med extra virgin olive oil kvar morgon mot gallestein. Smør hender og føtter inn med olivenolje før du legger deg og huden vil vera mjuk og fin til morgonen. Smør det på poriasis eller anna eksem.  

Eg trudde at all oliven var som dei store og fine eg ser på butikken og i restauranter rundt omkring. Men den som brukes til å laga oliven olje er mykje mindre i størrelse. Det finnes egne tre med store saftige oliven som brukes på matbordet. Alle utanom dei svarte må behandlas via gjæring. Dette er fordi dei er so bitter i smak. Skal ein ha eksklusive oliven, så er dei ikkje slått med ein hammer eller blitt delt. Du legger dei i plassbeholder som er blanda til med vatn, kvit eddik og salt. Dei står i frå 2 veker til 3 månander, før dei er spiseleg. So det er derfor det er veldig salt smak av olivenen. Men eg ser at i Jordan så tar ein ofte oppi laurbærblad og kvitlauk i gjæringsporsessen. Eg personeleg er ikkje so glad i oliven, men var på Ostehuset i Stavanger med ei veninna som elsker oliven, og då smakte eg ein type som eg faktisk likte. So her må da berre prøvast...Ingen oliven er lik!

Jordan låg i 2010 på 13 plass over verdens mest produserandes olivenoljeland.

Her har dåke vårt ferdige produkt, som er extra virgin oil, kald presset, ikkje filtrert. Veldig næringsrik og med veldig god smak. Står i vindauget her, men eg oppbevarer den på ein gjev temperert og mørk plass.




Kva med litt Aloe vera krem på potane til hunden din?

Dette er siste nytt...ynskjer du at hunden din skal ha flotte potar? Smør dei med aloe vera krem!!!

Har ei arbeidskollega som gjere dette og skryter veldig, i tillegg får dei aloe vera juice. Huden under potane sprekker ikkje og dei får so utruleg fin pels av juicen.

Aloe vera er ein fleire årig plante som har gjennom tusenvis av år vore brukt til både kosmetikk og medisin. Saften/geleen i frå aloe vera planten virker rensande, betennelsesdempandes, kløstillandes og smertestillande lokalt der du smører den på. Det er vel derfor den er so bra mot solbrenthet.

 

Hugsar når eg budde på Lanzarote so brukte eg mykje aloe vera produkter. Såper, kremar, gele osv. Var spesielt godt mot kviser i ansiktet. Også veldig effektivt på smerter etter brennmanet angrep. Har ei veninna som smurte seg med aloe vera pga mykje urenheter i ansiktet i ca 3-4 månander - ho vart utruleg fin i huden etter dette og hadde aldri problemer igjen.

I Jordan veks det ville aloe vera planter rundt omkring. Skal gå på "jakt" og skaffe nokon til landet mitt. Kan komma handy med i forskjellige anledningar.

Aloe vera og bruken av den er også ein kunnskap som har heldt på å døy ut, men som smått om senn kjem til livet igjen.

 

 

Hekser med tatoveringar og anklagelse om kjetteri...

I Jordan finner ein fleire kloke koner...eldre damer med svart skurt ansikt, etter å ha levd eit heilt liv i eit solrikt land. Ansiktet er full av tatoveringar dei tok før dei gifta seg i gamle dager. No er det "haram" = forbudt i forhold til Islam er eg blitt fortalt. Og skikken er på veg til å dø ut blant beduinske damer. Tatoveringar av ansiktet har vore gjort siden faroanes tid i Egypt - altså so langt tilbake som 2 -3000 år f. Kr. Eg såg slike tatoveringar på gamle mumier på arkeologisk museum i Cairo, Egypt.  

Min nærmaste nabo er ei slik kone. Legger ved eit vilkårleg bilete av ei slik beduin dame funnet på nettet, tilfeldigvis er den første dama syster til svigermor mi;

Jordan, Petra

 

Tatoveringar vart brukt som ein form for beskyttelse mot ondemakter, til magi, for skjønnhet, ekteskapelig status, fruktbarhet og generelt berre for "good luck". Fleire mønstrer og symboler går igjen. Men enkelte er spesielle og nabo kona mi har slike. Ho er det me på godt norsk kalla; klok kone - alla Snåsa mannen. Folk kjem i frå heile området for å få hjelp av ho.

Ektemannen min falt av hesten og ho stelte han i 14 dager etter dette. Koppa han for smerter i skulder og rygg. La på grautomslag og kom med bønner for at han rask skulle bli frisk. Ho kan repponera ein arm eller ein fot når den er knekt. Får skulder på plass om den har gått ut av ledd. Ho hjelper damer å bli gravid. Ho har hjulpet meg for reaksjon på mygg og andre insekter. Før gjekk eg nesten dagleg på zyrtec og/eller polaramin, samt prednisolon i ny og ned når reaksjonen var veldig stor. Eg fekk eit grautomslag, som eg smurte på heile kroppen og nokon urter som eg laga te på. Har nesten ikkje hatt reaksjon på noko etter dette.

Ein dag eg var ute på jordan og la ut geiteskit under oliventrea, ropte ho på meg. Eg tok turen over og der vart eg litt overraske. Ho hadde fått besøk i frå Amman. Ein ektemann kom med kona si og systrene hennar. Dei var kommet fordi nabo kona mi var blitt anbefalt for å heale plagene til den eine jenta. So eg laga te og underholdt  dei andre mest nabokona mi behandla jenta. Dei var inne på eit eige rom og so kom dei ut. Bli me meg, seier nabokona mi. Me gjekk inn i eit telt som står like ved, der det er eit bål/grue i sentrum av rommet. Her tok ho fram ein krystall likandes stein og la den under aska i bålet. Saman holdt me hendene og ho sa nokon vers. Etterpå gjekk ho og gav denne steinen til den jenta ho behandla. Det var først då eg forsto at ho er vid kjent for sine spesielle kunnskaper. Spurte i ettertid kvifor ho ville ha meg med på siste del av seansen. Fekk då veta at ho ser på meg som veldig sterk person og at ved at me var saman om det, skapte me betre energi og styrke i steinen.

Ho kan alt om urter og planter ein finn i Jordan. Ho har kunnskap om ting som beduiner har gjort i tusenvis av år. Dei har lært av sine feil på vegen og funnet fram til det som virker. Det verkar som ho ynskjer at eg skal læra mykje av dette. Noko eg vil også. Held no på å læra meg og laga naturleg kull. Som ein bruker for å beskytta augene med. Ho ser veldig gamal ut og alderen hennar har eg aldri spurt om. Eit meir elskelig og venleg menneske skal ein leita lenge etter. Eg føler meg vel når eg er saman med ho.

 

Eg held på å lesa ei bok no som heiter; I all evighet av Ken Follett. Der slike kvinner blir tiltalt for kjetteri og brent på bål, hengt eller halshugd. I dag ser ein også skeptisk på dette, men fleire er blitt åpne for at det er meir mellom himmel og jord, enn me er klar over.  Her i Odda er det vist ei slik synsk dame som er veldig kjent. Eg har ei tante også som har healande hender - varme hender. Ho kan føla energi i kroppen din og om du har blokkeringar. Men ho blir sjølv veldig sliten av å hjelpa andre. Tappar ho for krefter.

 

Eg likar hekser eg... 

 

Les mer i arkivet » Oktober 2013 » September 2013 » Mai 2013
hits